Slik fungerer det…

FjordSauna ligg i fjordbygdene Flåm og Aurland. Vil du ha meir informasjon om dei ulike stadane? Klikk her for FjordSauna Flåm og her for FjordSauna Aurland.

Hovudforskjellen mellom dei to lokasjonene våre ligg i arkitekturen og funksjonane til dei flytande badstovene. I Flåm er badstovene våre bygd på liknande vis som båtar og festa til kaien med tau, medan badstova i Aurland er bygd oppå ein større flytebrygge som er kopla saman med landgang. Ver merksam på at vi ikkje køyrer dei flytande badstovene våre; dei ligg alltid til kai.

Både i Flåm og Aurland oppmodar vi til bading: I Flåm kan du bruke luka inne i badstova, hoppe frå taket eller dekk, eller bruke badestigane. I Aurland kan du hoppe frå brygga eller bruke badestigane.

Alle saunaene har elektriske omnar for ei dampande oppleving, garderobar og panoramavindauge slik at du kan nyte den fantastiske utsikta over fjorden og fjella.

Ver merksam på at FjordSauna brukar utandørs overvakingskamera for tryggleik og sikkerheit, kun utanom opningstider.

Lokasjon & bestilling

Først må du bestemme deg for om du skal til Flåm eller Aurland. Deretter må du velge kva saunaoppleving som passar deg best - privat eller felles. Har du landa dette? I så fall er det på tide å bestille!

Vi ber deg sjå gjennom våre vilkår og saunareglar. Her finn du blant anna informasjon om alkohol, aldersgrenser med meir.

Pakk sekken

  • Badetøy (påkrevd)

  • Handklede (påkrevd). Du kan også leige hjå oss ved ankomst.

  • Drikkevatn (anbefalt)

  • Pose til våte klede (anbefalt)

Smykker vert varme og kan svi mot huden. Legg desse att heime eller i omkledningsrommet.

Finn fram

Flåm
Kaiplass 10/11 - ein 5-minutt spasertur langs bryggja frå Flåm sentrum i retning Flåm Marina.

Kjem du med bil? Parker på kommunale parkeringsplassar ved togstasjonen. Ikkje parker på private parkeringplasser som hjå Flåm Marina & Apartments.

Aurland
Kaien nedanfor Aurlandskoen, i Aurland sentrum - rett ved ferjekaien. Parkering i Aurland sentrum og ved Aurland Kjølelager. Unngå å parkere på butikk-parkering.

Ankomst

Du vert møtt av vår Saunamester som sørger for at du får ei god oppleving, og som er ansvarleg for tryggleik om bord.

Kom i badetøy eller nytt deg av omkledningsrommet vårt om bord. Her finn du hyller og knaggar.

NB! Merk deg at tidspunktet for saunaopplevinga inkluderer tiden du brukar i omkledningsrommet ved ankomst og avreise.

Fasilitetar

Toalett er tilgjengeleg innan gåavstand. Du kan leige handklede ved ankomst (kr. 70,- pr. stk.). Vi oppmodar til bading på begge lokasjonar. I Flåm kan du bruke luka inne i badstova, hoppe frå taket eller dekk, eller bruke badestigane. I Aurland kan du hoppe frå brygga eller bruke badestigane.

Dusj er ikkje alltid tilgjengeleg. Vi anbefalar å ende økta med ein dupp i fjorden før ein gjer seg klar for å gå.

Flåm

Dusj mot betaling er tilgjengeleg i sommarhalvåret. Dei flytande badstovene har utedusj tilgjengeleg i sommarhalvåret.

Aurland
Utedusjen tilgjengeleg i sommarhalvåret. (Diverre er levering av utedusjen forsinka. Vi har difor per no ingen dusjfasiliteter i Aurland)

Nyt det

Legg frå deg bekymringar og stress på kaikanten i det du stig om bord vår flytande badstove. Len deg tilbake og nyt timane hjå oss. Badstovemeister har kontroll på temperaturen, vatn og tid, og er flinke fotografar dersom du ynskjer bilete frå opplevinga. Nyt det!

Del opplevinga

Vi håpar opplevinga hjå oss blir fantastisk, og at du ynskjer å dele dette med andre ved å skrive ei tilbakemelding på Google, TripAdvisor eller ved å tagge oss i sosiale media (@fjordsauna). Vi ynskjer alltid å verte betre, så vi set stor pris på din ærlige tilbakemelding!

Visste du at…

Regelmessig bruk av sauna kan betre immunforsvaret og hjelpe kroppen med å bekjempe infeksjoner samt redusere stress og angst. Sveitting kan bidra til å fjerne giftstoff frå kroppen, som til dømes tungmetaller og kjemikalier. Mange kombinerer sauna med ein forfriskande dupp i fjorden, og kalde bad gjer underverk for immunsystemet og blodsirkulasjonen, reduserer innflammasjon og hevelse samt gjer hjelper på støle musklar.

Sauna + bading = godt for kropp og sjel!

Vel lokasjon og saunaoppleving…

Først må du bestemme deg for om du skal til Flåm eller Aurland. Deretter må du velge kva saunaoppleving som passar deg best - privat eller felles.