FjordSauna Flåm

Sidan 2021 har FjordSauna Flåm gitt lokale og besøkjande frå heile verda uforgløymelege saunaopplevingar. No med to flytande badstover, er vi opne heile året for å tilby ei unik velværeoppleving.

Våre flytande badstover ligg plassert ved kaiplass 10 og 11, berre ein kort spasertur frå Flåm sentrum. Dei ligg i eit roleg område og gir fantastisk utsikt over Aurlandsfjorden og dei omliggande fjella.

Dei har garderobe med ein privat bås og badstova rommar opptil 12 personar. Badstovene våre er utstyrte med elektriske omnar for maksimal komfort, og du kan tilsetje ferskvatn for ei dampande oppleving. Store vindauge gir panoramautsikt, slik at du kan nyte den storslåtte naturen.

Ta deg eit forfriskande bad gjennom luka inne i badstova, frå taket, på dekk eller ved å bruke badestigane.

Ditt besøk

Ved ankomst vert du tatt imot av Sauna Mester som følger deg inn i garderoben. Skift til badetøy og legg frå deg eigendelane dine før du går inn i badstova. Du kan bruke utedusjen (sommarstid) eller ta ein dukkert i fjorden før du går inn i badstova (valfritt).

Vi anbefalar på det sterkaste å veksle mellom den dampande badstova og ein forfriskande dukkert i fjorden - ein verkeleg oppkvikkende og deilig følelse. Du kan bruke luka inne i badstova, hoppe frå dekk eller taket, eller bruke badestigane.

Bestilling

Vel di saunaoppleving; anten privat eller felles! Billettar må kjøpast på førehand for å sikre plass. Eventuelle restbillettar vil vere tilgjengelege som drop-in.

Handkle er til leige ved ankomst (70 NOK per stykk).

Saunaopplevingar

Du kan velje den saunaopplevinga som passar best for deg. Er du ein sosial person, anbefaler vi fellessauna der du kan møte nye folk, anten du kjem aleine eller saman med vener. For dei som ønskjer ei meir intim oppleving, er privat sauna perfekt for vennegjengar, familiar eller som ei romantisk oppleving - og den flytande badstova er eksklusivt di under heile økta.

Fellessauna

Sesong: Open dagleg mai-september. Open måndagar-Laurdagar oktober-april.
Tid: 1,5 timar. Sjå ledige tidspunkt i bookingkalender.
Pris: kr 425,- per person
Kapasitet: 12 personar
Aldersgrense: 12 år. Vi anbefaler privat sauna for familiar med barn under 12 år.

Privat Sauna

Sesong: Open dagleg mai-september. Open måndagar-Laurdagar oktober-april.
Tid: 1,5 timar. Sjå ledige tidspunkt i bookingkalender.
Pris:
kr 2850,- totalt
Kapasitet: inntil 12 personar

Før du kjem…

For å få mest mogleg ut av opplevinga er det lurt å sette seg inn i korleis konseptet fungerer. Her finn du informasjon om:

  • Lokasjon og korleis du finn fram

  • Kva du må ta med deg

  • Ankomst

  • Fasilitetar