
Bedriftsavtale
Bedrift+Sauna = Betre trivsel og meir energi blant tilsette!
Gje dine tilsette noko ekstra i arbeidskvardagen med faste saunaøkter hjå FjordSauna. Vi tilbyr bedriftsavtalar der kollegaer kan samlast i badstova for å styrke samhald, trivsel og helse. Opplevinga bidrar til eit betre arbeidsmiljø og auka arbeidsinnsats – ein perfekt måte å investere i dei tilsette på!
Bedriftsavtale er tilgjengeleg både i Aurland og i Flåm.
Fordelar med regelmessig badstove for bedrifter
Styrkar teamet: Faste saunaøkter skapar eit sosialt og avslappande miljø der kollegaer kan knyte sterkare band og bli betre kjende.
Meir energi og motivasjon: Dei tilsette vil oppleve ein energiboost etter kvar økt, noko som gir auka fokus og arbeidskapasitet.
Betre trivsel og helse: Sauna og kaldbading er kjent for sine helseeffektar, både fysisk og mentalt. Dei tilsette vil kjenne seg friskare og meir balanserte.
Skreddersydde avtalar
Me tilbyr fleksible bedriftsavtalar, med faste badstueøkter anten kvar veke, kvar månad eller etter eit oppsett som passar dykk.
Ei investering i dine tilsette
Å tilby sauna er eit enkelt, men effektivt helsefremjande tiltak som kan skapa store positive ringverknader på arbeidsplassen. Investering i tilsette si trivsel og helse gir attende i form av auka produktivitet, betre arbeidsmiljø og meir engasjement.